Blir det søkt om kommunalt tilskot i tillegg til spelemidlar, må kommunen sjølvsagt behandle denne. Kommunen har også ansvar for å sjå til at alle formelle krav blir oppfylt og at alle nødvendige vedlegg ligg ved.
Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd.
For å kunne motta spelemidlar må anlegget det blir søkt om tilskot til ligge inne i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet (PDF, 0 B). Det er difor viktig at kommunen får informasjon om utbyggingsplanar så tidleg som råd.
Det kan søkjast om tilskot frå spelemidlane til
- bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet
- nærmiljøanlegg
- løyper og hytter i fjellet
Det skal brukast elektroniske søknadskjema. Ved å gå inn på nettsida www.anleggsregisteret.no finn du søknadskjema. Her finn du også nærare retningsliner for spelemiddelordninga. Søknadsfrist til Sør-Fron kommune er 15. oktober kvart år.
Meir informasjon om elektronisk søknadsskjema