Om kommunevåpenet

Kommunevåpen Sør-Fron kommuneKommunevåpenet var godkjent av Kongen i statsråd 4. mars 1988. 

Våpenet er "På grønn grunn ei skråstilt sølvklubbe". På flagg og trykksaker/papir er klubba ofte kvit.

 

Klubba skal minne om den klubba Kolbein Sterke brukte i år 1021 da kong Olav Haraldsson (senere Olav den Heilage) møtte dølane og Dale-Gudbrand på Hundorp. Dette møtet er kjent frå Snorre si kongesoge.

"Sjå der kjem vår gud med mykje ljos" sa kong Olav. Dale-Gudbrandog bøndene såg mot sola som akkurat da stod opp. Kolbein tok klubb og slo i stykker torsguden deira. Etter dette vart dølane kristna, i følge Snorre.

På staden der Olav og Dale-Gudbrand møttes ligger i dag "Dale-Gudbrands gard" som er Oppland fylkes 1000-årsstad.