Radikalisering og valdeleg ekstremisme

Alle tenester i Sør-Fron kommune skal bidra til å førebyggje radikalisering og ekstremisme. Her finn du informasjon om kva radikalisering og ekstremisme er, og kva du kan gjere dersom du er uroa for at nokon kan bli radikalisert og utføre ekstreme handlingar.

Kommunal radikaliseringskontakt

Radikaliseringskontakten skal koordinere hendingar, samarbeid og utveksling av informasjon mellom politiet og lokalsamfunnet.

Sør-Fron kommune har saman med Ringebu og Nord-Fron utarbeidd ein handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme:

Les “Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme” 

Den kommunale radikaliseringskontakten skal kontaktast ved uro for personar som ytrar ekstreme haldningar eller på annan måte skaper uro knytt til hatkriminalitet, radikalisering og valdeleg ekstremisme. Ein vil då få rettleiing og bistand til korleis ein skal handtere ei aktuell sak eller problemstilling.

Dersom du får opplysningar om, eller mistanke om, planlegging av valdeleg ekstremisme, skal politiet kontaktast. Det same gjeld ved informasjon om utreise av framandkrigarar.

Kontaktopplysningar

  • Innlandet politidistrikt: 02800
  • Kommunal radikaliseringskontakt: Bjørn Kjellsson Sletten, 974 71 997

Kva er radikalisering og ekstremisme?

Politiets tryggingsteneste (PST) definerer radikalisering som prosessen som fører ein person til å bli villig til å bruke vald for å nå eit mål. Kva målet er, er mindre viktig for at omgrepet skal nyttast. 

I regjeringa sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme står det at radikalisering skjer på ei rekkje ulike arenaer. Radikalisatorar kan opptre mellom vener og familie i den private sfæren, men kan òg vere personar med ambisjonar om å nå menneske dei ikkje kjenner på offentlege arenaer. Slike arenaer kan vere fengsel, asylmottak og religiøse arenaer. Radikalisatorar kan òg vere personar som oppheld seg i utlandet og når fram til personar i Noreg anten ved å reise hit, eller gjennom kontakt over internett.

Produksjon og spreiing av konspirasjonsteoriar og ekstrem propaganda på internett er ei særleg utfordring (sjå Regjeringa sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme, s. 9).

  • Radikalisering handlar om ein prosess der ein person i aukande grad aksepterer bruk av vald for å nå politiske, ideologiske eller religiøse mål. 
  • Ekstremisme er ei samlenemning for handlemåtar eller ideologiar som er prega av ytterleggåande haldningar, særleg i politiske spørsmål. 
  • Valdeleg ekstremisme viser til aktivitetar utførte av personar og grupper som er villige til å bruke vald for å nå sine politiske, ideologiske eller religiøse mål.

Korleis kan vi førebyggje radikalisering og utvikling av valdeleg ekstremisme?

Radikalisering er ein prosess som kan føre til valdeleg ekstremisme. Med valdeleg ekstremisme meiner ein at personar og organisasjonar er villige til å bruke vald for å nå sine politiske, ideologiske eller religiøse mål. Den valdelege ekstremismen kan vere knytt til både høgreekstremisme, venstreekstremisme og religiøs ekstremisme.

Den nasjonale rettleiaren ønskjer å auke medvitet og kunnskapen vår om korleis faren for radikalisering og valdeleg ekstremisme kan reduserast. Målet er å vere i forkant og setje inn tiltak tidleg. Dette er like viktig i alt førebyggjande arbeid, anten det gjeld radikalisering og utvikling av ekstremisme, eller til dømes skulefrafall, rusproblematikk, kriminalitet eller arbeid innan helsefeltet.

Denne rettleiaren (lenkje nedanfor) er utarbeidd for tilsette i skule, barnevern, helse, kultur, fritid, politi og andre som arbeider med menneske.

Rettleiaren skal gje informasjon om kva for teikn vi må vere merksame på, og korleis vi møter og følgjer opp personar som står i fare for å bli radikaliserte og utvikle valdeleg ekstremisme.

Innlandet politidistrikt samarbeider med kommunane om å førebyggje radikalisering.

Les meir om ekstremisme på regjeringen.no

Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme (PDF, 4 MB)