Dan-Håkon blir ny rektor

Dan-Håkon Fonstad er tilsett som rektor ved nye Sør-Fron skule.  

Dan-Håkon Fonstad er tilsett som rektor på nye Sør-Fron skule.  - Klikk for stort bildeDan-Håkon Fonstad er tilsett som rektor på nye Sør-Fron skule. Bjørn K. Sletten

Fonstad startar i jobben hausten 2025, eitt år før nyskulen opnar. 

– Vi er svært glade for å få Dan-Håkon med på laget som rektor for nye Sør-Fron skule. Han har med seg med ei imponerande breidd i både erfaring og kompetanse. Han kombinerer djup fagleg innsikt med evne til å bygge relasjonar og leie utviklingsprosessar på ein samla og tillitsvekkande måte, seier kommunalsjef for oppvekst i Sør-Fron kommune, Eivind Lund. 

På befaring

Fredag 16. mai var Dan-Håkon Fonstad på befaring på nyskulen som er under bygging på Harpefoss. Her vart han vist rundt på byggeplassen av prosjektleiar Per Ivar Dahlum og Eivind Lund. Nyrektoren fekk også ein titt innom “kontoret” sitt. 

Og Fonstad likte det han såg:

– Dette blir veldig bra. Det er nokre moglegheiter her som er ganske unike, seier Fonstad. – Sør-Fron kommune har satsa alt på ein skule, og beliggenheita tett inntil Fron badeland og kulturhuset er svært spennande, seier Fonstad. 

Solid erfaring

Fonstad har bakgrunn som lærar frå skular i Gausdal, Øyer og Ringebu, og dei siste seks åra har han vore rektor ved Fåvang skole. 

Ny-rektor Dan-Håkon Fonstad på befaring på nye Sør-Fron skule. Her saman med prosjektleiar Per Ivar Dahlum og kommunalsjef for oppvekst, Eivind Lund. - Klikk for stort bildeNy-rektor Dan-Håkon Fonstad på befaring på nye Sør-Fron skule. Her saman med prosjektleiar Per Ivar Dahlum og kommunalsjef for oppvekst, Eivind Lund. Bjørn K. Sletten

– Dan-Håkon har solid erfaring som skuleleiar frå både barne- og ungdomsskule, og vi ser at han har eit klart blikk for kva som skal til for å lykkast med å samle tre skular til éin felles 1–10-skule. Han er strategisk, strukturert og lyttande – og har eit sterkt engasjement for å skape god opplæring for alle elevar, seier kommunalsjef Lund, og held fram: 

– Vi har stor tru på at han vil utfylle og styrke skuleleiarteamet vårt, og ser fram til samarbeidet med han i det viktige året fram mot skulestart hausten 2026 – og i åra som kjem."

Det var totalt seks søkarar til rektorjobben.