Eit nytt skuleår – i ein heilt ny skule

Denne veka har alle tilsette ved nye Sør-Fron skule samla seg til planleggingsdagar. No er dei endeleg på plass i det flotte, nye skulebygget som skal samle alle elevane i Sør-Fron kommune under same tak.

Bilde av lærarar som sit i ei trapp. - Klikk for stort bildeRektor Dan Håkon Fonstad samla dei tilsette i amfiet - hjarta i nyskulen. Eivind Lund

- Vi starta veka med fellessamlingar og fagleg påfyll. Vidare arbeider vi både i avdelingar og på dei ulike trinna. Gjennom gode samtalar, samarbeid og felles planlegging førebur vi eit trygt, inkluderande og lærerikt skuleår for elevane våre, fortel kommunalsjef for oppvekst, Eivind Lund. 

Felles kultur

Når tilsette frå ulike skulemiljø no skal byggje éin felles skule, er det viktig å bli godt kjende, dele erfaringar og utvikle ein felles kultur. 

- Planleggingsdagane gir oss tid til å finne gode løysingar og skape ei felles retning for arbeidet vårt, seier Lund.

Det er mykje som skal på plass før elevane kjem, og det er stor aktivitet i heile bygget. 

- Samstundes kjenner vi på både forventning, glede og stoltheit over å få ta i bruk den nye skulen. Vi gler oss stort til å fylle Sør-Fron skule med elevar, læring, leik og fellesskap – og til å ta fatt på eit heilt nytt kapittel saman, avsluttar oppvekstsjefen.