Gode attendemeldingar på nyskulen

Dei siste vekene har elevar, FAU, lærarar og andre fått sjå innsida av den nye skulen vår. Og attendemeldingane så langt er gode.

Rett før jul var alle ungdomsskuleelevane på omvisning. Elevane verka godt fornøgde med det dei fekk sjå, og kom blant anna med attendemeldingar om at dei kjenner att bygget frå teikningane, dei synes skulen verkar større frå innsida enn frå utsida, og at dei syns fargane som er valt er gode.  Mellomtrinnet har også hatt omvisningar på skulen dei fyrste vekene i 2026, mens 1.- 4. trinn følgjer på så snart bygningsarbeidet tillet det.

Sjå bilete frå befaringane nedst i artikkelen. 

FAU-møte

Rektor Dan-Håkon Fonstad og prosjektleiar Per Ivar Dahlum gjennomførte felles FAU-møte for skulane 5. januar. 

FAU ønskjer å bidra i arbeidet med å skape positivt engasjement rundt nyskulen, blant anna ved å arrangere eit felles foreldremøte der i vår.

Kommunalsjef Eivind Lund har hatt befaring med Midt-Gudbrandsdal PPT i  dei nye lokala. 

Medverknad på interiør

Grafiske designarar skal nå utforme nye piktogram tilpassa skulen. Dette skal blant annet brukes til foliering av innvendige vindauge, og blir utført i same stil som kommunen sin øvrige grafiske profil.

Det er gjennomført medverknadsmøter for laust inventar på skulekjøkenet og musikkrommet. Det er også laga forslag til inventar og møblering av personalrom og skulebibliotek: 

Bilde som viser Forslag til interiør i personalrommet på nye Sør-Fron skule. - Klikk for stort bildeForslag til interiør i personalrommet på nye Sør-Fron skule. Illustrasjon, Input interiør/Sør-Fron kommune.

 

 

 

 

 

 

 

 

Bilde som viser forslag til møblering av det nye skulebiblioteket.  - Klikk for stort bildeSlik kan det nye skulebiblioteket bli sjåande ut. Illustrasjon Input interiør/Sør-Fron kommune