Her bygger dei veggane til nyskulen!

Hos Ringsaker vegg- og takelementer AS er dei i desse dagar i gang med finpussen på veggane til nye Sør-Fron skule. 

RVT AS melder på sosiale medium at produksjonen av veggelement til den nyskulen straks er fullført. 

- Vårt dyktige produksjonsteam jobbar hardt for å sikre at vi leverer høg kvalitet og presisjon, slik at vi er klare for montasjestart på byggeplassen om ikkje lenge, opplyser byggefirmaet. 

RVT AS skal levere vertikale veggelement over to etasjar, inkludert gesims med trekledning, til den nye skulen.

- Vi ser fram til å sjå resultata av arbeidet vårt ta form på byggeplassen, og vi er stolte av å bidra til å skape eit inspirerande læringsmiljø for framtidas elevar. Saman med HENT og prosjektteamet fortsett vi å jobbe mot eit felles mål – å levere ein skoule av høg kvalitet som vil vera til glede for heile lokalsamfunnet, avsluttar dei.