Nå kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 2,65 milliardar kroner i momskompensasjon til
frivillige organisasjonar i 2025.

Illustrasjon som viser lotteri- og stiftelsestilsynets logo og idrettsrelatert illustrasjon.   - Klikk for stort bildeIllustrasjonsbilde, momskompensasjon. Sør-Fron kommune.

Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for
kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og
tenester.

Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del
av verksemda for å søke.

Søknadsfristen er 1. september 2025.

Det kan søkast etter to modellar. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000
kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske
meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søke gjennom
sentralledd.

Merk: Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund,
Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal sende søknaden via dei. Sentralledda
har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist.

Les meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad.