
Dagsturhytta vår er nå endeleg klar til bruk. Hytta er ein del av satsinga Dagsturhytta Innlandet, der alle kommunane i fylket får si eiga dagsturhytte som skal stimulere til meir friluftsliv og bruk av nærnaturen.
Dagsturhytta er plassert innafor Pyntaberget og ligg tilgjengeleg via merka sti. Målet med prosjektet er å skape eit lågterskel turmål og ein møteplass ute i naturen, til glede for både fastbuande og tilreisande.
Førebels program for opninga
Kl. 10.00 Avgang frå kommunehuset for dei som ønskjer å gå heile vegen til hytta.
(Avstand frå her og inn til hytta er 6 km)
Kl. 11.00 Avgang frå parkeringa ved Pyntaberget. (Avstand frå her og inn til hytta er 2,1 km)
Kl. 12.00 Offisiell opning ved dagsturhytta:
- Opningstale ved ordføraren
- Snorklypping
- Kaffe og kringle
Alle er velkomne, og vi oppmodar alle som har høve til det om å ta turen og vere med på markeringa.
Eit nytt turmål i Sør-Fron
Kommunestyret vedtok i 2021 å delta i dagsturhytteprosjektet. Målet har heile tida vore å etablere eit lett tilgjengeleg turmål som kan brukast av folk i alle aldrar gjennom heile året.
No er hytta på plass, og vi håpar mange vil finne vegen hit i åra som kjem.
Vel møtt til opning laurdag 5. desember!