Ny historiepodkast frå Sør-Fron kommune

“Bakom bygda” er Sør-Fron kommune podkastserie om kulturminne og -historie. 

I podkasten får du høyre kjente og ukjente historier om personar og hendingar som har forma Sør-Fron, historier av lokal, regional og nasjonal interesse.

Mange gode historier

Sør-Fron er ein kommune svært rik på kulturminner og historie. I podkastserien “Bakom bygda” prøver vi å dykke litt djupare i nokre av desse historiene. 

Kven står bak?

  • Podkasten er skrivi og produsert av kultur- og kommunikasjonsavdelinga i Sør-Fron kommune. 
  • Musikken er komponert av Tom Willy Rustad.  

Byen som forsvann

  • Fyrste episode, "Byen som forsvann", sleppes 14. juli, og handlar om gruvebyen Verksodden - som på midten av 1800-talet hadde fleire innbyggarar enn Lillehammer. 
  • Verksodden i Espedalen var verdas største nikkelprodusent, og eit drygt tiår sentrum for ei rekkje fargerike karakterar og spektakulære hendingar, før det brått var slutt. 
  • I dag er nesten alle spor av byen borte, men om du leiter, kan du framleis finne hustufter, høyre lydane og kjenne lukta av svovel og røyk over røsteplassen ...

Her kan du lytte til fyrste episode: