Ny podkast frå Sør-Fron kommune
Sør-Fron kommune lanserer i desse dagar ein ny podkast. Gjennom episodane kan du bli betre kjent med dei ulike tenestene kommunen leverer, og kven vi som jobbar i kommunen er.
Podkasten har fått tittelen “Bjørn og Live prøver å forstå kommunen”, og det er Bjørn Sletten og Live Jørstad Bakka frå kultur- og kommunikasjonsavdelinga som står bak.
Målet er at innbyggarar, tilreisande og andre skal forstå litt meir om korleis ein kommune fungerer - og kvifor vi priroriterer som vi gjer.
Alle episodane er tilgjengelege i Spotify, og i spelaren under:
Publisert av Live Jørstad Bakka
Publisert 15.07.2024 14.53
Sist endret 17.09.2024 11.14