Samtale om kunstprosjektet Matklokker på Sør-Fron bibliotek

Nye Sør-Fron skule står klar i 2026.  Rasmus Kjorstad er i gang med eit kunstprosjekt til den nye skulen. 3. desember kan du få ein smakebit av prosjektet på nye Sør-Fron bibliotek!

Kvar: Sør-Fron bibliotek
Når: 3. desember kl 19:00

Kunstprosjektet

I det pågåande prosjektet Matklokker gjer folkemusikar Rasmus Kjorstad opptak og dokumentasjon av gamle stabbursklokker i Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Klangen frå klokkene vil bli inspirasjonskjelde til nye slåttar på feler og langeleik, der kvar klokke får sin slått. Kjorstad har invitert med seg Johannes Selvaag til å lage ein fotoserie basert på materialet og gardsklokkene. 

I samanheng med Matklokker vil også Kjorstad skape eit tingingsverk og undervisningsopplegg til åpninga av ny skule i Sør-Fron neste år.

Historikken

Matklokkene har lang historie på Fron. Frå tidleg på 1800-talet vart det nærast eit motefenomen og vanleg på fleire gardar. Klokkene vart plassert i eit klokketårn på sentrale bygg i tunet, som regel stabburet eller bua. 

Klokketårna har ulike former, som regel etter moten i tida dei var bygde. Klokkene er stort sett støypt i bronse. 

Rasmus Kjorstad vil dokumentere fleire klokker, både med lyd, bilete og historia til klokkene. Med nye bilete av klokkene samt tekster om alt frå gardshistorie, tradisjonell bruk, historier og segner vil han syne fram arbeidet på Harpefoss kunstarena i 2026.

Om kunstnaren

Rasmus Kjorstad er folkemusikar og har arbeidd dei siste åra med band som Morgonrode, Reolô og Kjorstad brothers. Han har medverka på fleire tingingsverk og laga i 2025 musikk til kortfilmen Vandrar saman med Hans P. Kjorstad.

Vil du vite meir om prosjektet?

Les meir her: https://www.kyrkjeklokker.no/gardsklokker/