Sør-Fron bibliotek opnar att!

17. august kan vi endeleg opne dørene att til folkebiblioteket.

I slutten av april vart Sør-Fron bibliotek stengt etter at delar av himlinga falt ned. Dette førte mellom anna til vannskadar i delar av biblioteket og nokre skadar på inventaret.

Frå mai har det nye skulebiblioteket fungert som bibliotek, mens entreprenøren har retta opp att skadane i hovudbiblioteket.

Nå er det meste* på plass att, og vi opnar derfor folkebiblioteket att måndag 17. august. kl 15:00.

Opningstider

Vi har fortsatt sommaropningstider ut veke 36. 

  • Måndag 15-19
  • Tysdag: 10-15
  • Onsdag: 15-19
  • Torsdag: 10-15
  • Fredag og laurdag stengt. 

Vi startar opp att med vanlege opningstider frå og med 7. september.

*Meiropentløysinga må testast på nytt. Dette skjer i løpet av august. Nokre av dei nye møblane våre er også øydelagte, og vi får ikkje nye før seinare i haust.