Sør-Fron kommune sluttar å dele lenker på Facebook og Instagram
Sør-Fron kommune deler ikkje lenger lenker på Facebook og Instagram. Bakgrunnen for endringa er at Meta, som eig Facebook og Instagram, har innført avgrensingar som gjer at kommunen må betale for å dele meir enn to lenker i månaden på desse plattformene.

Kommunen si nettside er vår viktigaste informasjonskanal. Det er her vi publiserer nyheiter, kunngjeringar, høyringar og annan viktig informasjon om kommunen sine tenester og tilbod. For å sikre at innbyggjarane får tilgang til korrekt og oppdatert informasjon, ønskjer vi å vise direkte til innhaldet på våre eigne nettsider.
Vi vil inntil vidare framleis vere til stades på Facebook og Instagram og bruke kanalane til å informere om aktuelle saker og hendingar. Forskjellen er at vi ikkje lenger legg ved klikkbare lenker i innlegga. I staden vil vi vise til informasjon på kommunen si nettside, der du finn meir om saka.
Vi oppmodar alle innbyggjarar til å bruke nettsida til Sør-Fron kommune som den viktigaste kjelda til informasjon frå kommunen.
Vurderer nye løysingar for informasjon og dialog
Kommunen vurderer samstundes andre måtar å dele informasjon og ha dialog med innbyggjarane på. Vi ønskjer å finne gode digitale løysingar som gjer det enkelt å halde seg oppdatert om saker som gjeld lokalsamfunnet, samtidig som kommunen har større kontroll over eigne kommunikasjonskanalar.
Målet er å sikre open, tilgjengeleg og føreseieleg kommunikasjon med innbyggjarane også i framtida. Dersom vi tek i bruk nye løysingar for informasjon eller digital innbyggjardialog, vil vi informere om dette på kommunen si nettside og i våre øvrige kanalar.
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Publisert 12.11.2026 19.01
Sist endret 12.11.2026 19.01