Supplerande opptak til barnehageåret 2026-2027

Kommunestyret vedtok i mars 2026 nye vedtekter for dei kommunale barnehagane i Sør-Fron. Vedtektene opnar for supplerande barnehageopptak i tillegg til hovudopptaket. 

Supplerande opptak gjeld barn som er fødde i:

  • Desember 2025
  • Januar 2026
  • Februar 2026
  • Mars 2026
  • April 2026
  • Mai 2026

Det gjeld også endring av opphaldstid/plassprosent (auke eller reduksjon) eller overgang til ein annan barnehage i kommunen.

Søknadsfrist

15. september 2026 

Lenke til søknadsskjema - Innlogging for sor-fron: Foresattportal (visma.no) 

Oppstartsdatoar

Barn kan få tilbod om barnehageplass med oppstart:

  • 1. januar
  • 1. mars

Tilbod om plass blir gitt under føresetnad av ledig kapasitet og ei forsvarleg samansetjing av barnegruppene. 

Søknad blir sendt via Visma Flyt Barnehage - føresettportalen. Logg inn og vel «Søknad». 

Barnehagar i Sør-Fron:

  • Harpefoss barnehage: 0 - 6 år
  • Liene barnehage: 0 - 6 år 

Spørsmål kan rettast til:

  • Styrar Liv Randi Sundhagen, Harpefoss barnehage, 481 24 885.
  • Styrar Mette Gjefsen, Liene barnehage, 977 19 441. 

Lenke til søknadsskjema - Innlogging for sor-fron: Foresattportal (visma.no)