Torsdagstreffen

Torsdagstreff på rundgang på bygdahusa, 14 gonger i året. Balansetrim, vaffelsal og underhaldning. Bli med på laget, og kom i god stemning!

Gjennom året gjennomfører vi totalt 14 treff, på rundgang mellom våre tre grendahus. Her stiller frivillige opp med kaffekoking, vaffelsteiking, sal, servering og gjerne ein dans om høvet byr seg og du er danselysten! 

Når?

  • Torsdagar i partalsveker
  • kl. 11.00 - 13.00
  • Du som frivillig må kome litt før. 

Her finn du oversikt over treff vår og haust 2026: 

Oversikt over treff 2026

Program: 

  • Balansetrim
  • Kaffe- og vaffelsal
  • Underhaldning.

Pris:  

40 kr for kaffe og vaffel

Frivillige frå Sør-Fron bygdekvinnelag, Røde Kors - omsorgsgruppa, Harpefoss sanitetsforening og Sør-Fron sanitetsforening stillar med to-tre frivillige på rundgang, i tillegg til ein fast frivillig kvar gong.  

Retningslinjer: Retningslinjer for Torsdagstreff