Ungdomsklubben opnar att måndag 18. august!

Vinstra ungdomsklubb slår opp dørene att måndag 18. august, og inviterer alle ungdommar frå Nord-Fron og Sør-Fron til ein trygt og sosialt møtestad etter skuletid.

Klubben held til i Kåja idrettspark, og er eit gratis fritidstilbod for deg som går i 8., 9. eller 10. klasse i Nord-Fron og Sør-Fron. 

For ungdom – med ungdom i sentrum

Her får du ein plass å henge etter skuletid, med gode moglegheiter for å vere sosial, spele, slappe av og ha det moro. Klubben er open kvar måndag frå kl. 15.00 til 19.30, og ein fredag i månaden legg vi opp til ekstra opningstid.

📍 Stad: Kåja idrettspark
📅 Opnar igjen: Måndag 18. august kl 15.00
👥 For: Ungdom frå 8.–10. klasse i Nord-Fron og Sør-Fron

Trygge rammer og kjente ansikt

Det er våre eigne ungdomsarbeidarar Sigurd og Pernille som driftar klubben, og dei står klare til å ta imot både nye og gamle fjes. I tillegg vil det vere natteravnar i området på klubbkveldane – så både ungdom og foreldre kan kjenne seg trygge.

Gaming, biljard og mykje meir

Klubben har mykje å by på:

🎮 Gamingrom (snart klart – sneak peak allereie på måndag!)
🎱 Biljardbord
🏓 Ping pong
🎬 Film- og playstation-rom
🕹️ Nintendo Switch
🎭 Blackbox
🛋️ Puterom og avslappingssone
🍕 Kiosk og matservering

Og utover hausten blir det ikkje berre vanlege klubbkveldar – vi planlegg også større arrangement knytt til til dømes badeklubb!

Snart: Eige tilbod for vidaregåande

Vi startar også opp eit nytt tiltak denne hausten – "Kafé for unge vaksne". Dette blir eit eige opplegg berre for elevar ved Vinstra vidaregåande skule, og meir info kjem snart.