Velkommen til Olsok-markering tirsdag 29. juli 2025

Her finn du programmet for dagen.

Oppslutninga rundt arrangementet i 2024 synte at komitéen kan leggje til rette for Olsok i 2025 med optimisme og glede. I Kyrkjebladet skreiv vi om olsok i 2025 i generelle ordelag. Her er detaljane og det endelege programmet for dette året.

Program:

Kl 12.00

Frammøte på Listad (sygard), der vi får både omvisning og orientering.

Kl 14.30

Middag på Hundorp med rumgraut og det som hører til.
Påmelding til post@dale-gudbrandsgard.no før 25.juli. Tlf: 911 58 938

Kl 16.00

Sigrun Høgetveit Berg : Konge- og kyrkjemakt i middelalderen
Hans Jacob Dahl: Olavstradisjonen i Gudbrandsdalen

Samtale etter kvart foredrag.

Kl 18.00

Vandring til Sør-Fron kyrkje.

Kl 19.00

Folkemusikkmesse i Sør-Fron kyrkje v/ biskop Ole Kristian Bonden og sokneprest Kristinn Ólason.

Musikk ved Carl Petter Opsahl og Sergey Shulga

Kyrkjekaffe på kommunehuset.
Sør-Fron bygdekvinnelag

Olsok

Ser vi olsok-markeringar i eit historisk lengdesnitt, må vi langt attende i tid. Sankt Olavs minnedag var ei av dei store kyrkjelege høgtidene i året. Eit minne om kor levande olsokfestane ein gong var, har vi i den tradisjonen som ennå varer ved på Færøyane. I tre dagar er Tórshavn sentrum for feiringa. Her i landet vart Nidarosdomen bygd over kong Olavs grav og vart tidleg eit pilegrimsmål.
Fram til reformasjonen i 1537 var olsok ein folkeleg-religiøs merkedag for kong Olav fall på Stiklestad i 1030. I dag har olsok-markeringa 29.juli attfunne sin plass i eit kyrkjeleg og folkeleg uttrykk. Det er i denne tradisjonen vi vel å markere olsok i 2025.
Olsok er offisiell flaggdag.

Vel møtt!

Helsing
Olsok-komitéen 2025

Sør-Fron kommune
Pilegrimkontoret Dale-Gudbrand
Kyrkja i Sør-Fron
Hundorp kultur