Vellykka start på ungdommens nye møteplass
Denne veka opna den foreldrestyrte Møteplass for ungdom i Sør-Fron.
Møteplass for ungdom i Sør-Fron opna 19. januar.
Kristin Schanz
Kake, karaoke og kortspel var blant ingrediensane da foreldre i Sør-Fron måndag 19,. januar opna dørene til den nye Møteplass for ungdom i Sør-Fron på Svendsen kafe.
Bakgrunn for møteplassen
Bakgrunnen for det nye, foreldrestyrte tilbodet, er mellom anna ønske frå ungdom i Sør-Fron om ein eigen møteplass, og ei direkte oppfølging av felles foreldremøte i november på kommunehuset, der det vart sett ned ei arbeidsgruppe beståande av foreldre til ungdom frå fleire ulike alderstrinn.
Mange ungdommar på besøk
Tilbodet er i utgangspunktet tenkt måndagar og onsdagar kl 17:00-21:00. På møteplassen er det både moglegheit for å spele biljard, kortspel og brettspel, musikk med meir. Det er også sal av kioskvarer.
Fyrste kveld var måndag 19. januar, og om lag 30 ungdommar var innom berre den fyrste timen.
Det var ein vellykka start på 'Møteplass for ungdom', seier Kristin Schanz i arbeidsgruppa.
Her kan du sjå fleire bilder frå opningskvelden:
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Publisert 21.01.2026 09.42
Sist endret 21.01.2026 10.53