Kultur, alpint, bamsefest, leik og aktivitet - her er noko av det vi har jobba med dei siste månadene i Harpefoss barnehage

Her er litt av det vi har gjort i Harpefoss barnehage dei siste månadene. 

I november hadde vi fleire kulturinnslag i samband med Harpefoss barnehage sin kultur- og opplevingsmånad. Der fekk vi blant anna besøk av Helena Wik som hadde teaterleik med barna på Kvitberget. Alma og mammaen hennar Mathilde Skjæret spelte fele for oss og Jolanta Stoskiene laga mat frå Litauen og fortalte oss mye om landet og kulturen der. Dette var stor stas! Tusen takk til dykk :) 

barn som leker - Klikk for stort bildeTeaterlek med Helena Wik Harpefoss barnehage Mor og barn speler fele - Klikk for stort bildeAlma og mamma speler fele Harpefoss barnehage Voksen som viser fram en tradisjonell drakt - Klikk for stort bildeVi lærer om Litauen Harpefoss barnehage

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I januar var skulestarter-barna frå Harpefoss på alpintdager på Gålå.  Det vart to dagar før kulda vart for stri og vi måtte gje oss for denne gong. Men for nokon hardhauser. Blide barn som mestra både heis og bakke i løpet av desse dagane i - 20 grader! Takk til Gålå alpint og aktiv som gjer dette mogleg! 

Barn som kjører på ski - Klikk for stort bildeKalde og fine dager på Gålå Harpefoss barnehage Barn som sitter på benk og skal på slalom - Klikk for stort bildeAlpint på Gålå Harpefoss barnehage Barn som spiser lunsj ved bord - Klikk for stort bildeMatpause på Gålå Harpefoss barnehage

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi var også så heldige at vi fekk booka ei teaterforestilling for de yngste barna. Den heitte Hanna og ballen. Dette var spennande og etterpå fekk alle barna spele på keyboardet ho hadde med. 

Barn som får ball av skuespiller - Klikk for stort bildeHanna og ballen Harpefoss barnehage Barn som prøve piano - Klikk for stort bildeHanna og ballen Harpefoss barnehage

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I tillegg til desse opplevingane jobbar vi heile tida med å lage gode leik- og språkmiljø for barna. Vi har blant anna hatt bamsefest der bamsane kunne få behandling på sjukehus og bli portrettert for å nevne noko. Konstruksjonsleik med ulike materialer er spesielt populært for tida her på Harpefoss. 

Etter jul har det også vore jobba mye med samiske eventyr. Desse formidler dei ansatte på ulike måtar og knytter aktiviteter til.  Bileta lenger ned her er frå arbeidet med Reven og Kråka. 

Voksen som reparerer en bamse - Klikk for stort bildeBamsesjukehus som del av bamsefest Harpefoss barnehage Barn som leker med bamser - Klikk for stort bildeLek med bamser Harpefoss barnehage Barna har teikna og måla bamsane sine på bamsefesten - Klikk for stort bildeBarna har teikna og måla bamsane sine på bamsefesten Harpefoss barnehage Hjerte laget av lekemateriell - Klikk for stort bildeHjerte Harpefoss barnehage Barn som har bygd og leker - Klikk for stort bildeBygging Harpefoss barnehage Tekst produsert av barn om reven og kråka.  - Klikk for stort bildeBarna har reflektert rundt eventyret om reven og kråka. Harpefoss barnehage Figurer i trolldeig.  - Klikk for stort bildeBarna har laget figurer i trolldeig inspirert av eventyret om reven og kråka. Harpefoss barnehage