Vi hadde besøk av mange ulike dyr: griser, kalvar, boergeit, høner, kaninar, lam - og ein venleg tolmodig ponni. Den var spesielt populær, for alle som ville, fekk ri ein liten tur. Det vart både smil, latter og stolte augeblikk da barna fekk prøve seg på hesteryggen.
Linda Jacklin Haugen
I tillegg hadde ein av foreldra, laga ein natursti med landbruk som tema. Barna gjekk i grupper og løyste oppgåver som dyr, matproduksjon og livet på garden.
Om ikkje minst: det var stor stas med ekte traktor med hengar og dyretransport. Mange barn fekk klatre opp og sjå nærare på både traktor og utstyr - noko som var minst like spennande som sjølve dyra for mange.
Barna fekk mate dyra, klappe dei og lære meir om korleis dei lever og kva dei treng for å ha det godt. Ein ekte gardsdag - midt i barnehagen.
Dette hadde ikkje vore mogleg utan den fantastiske innsatsen frå foreldra. Vi vil rette ein stor takk til:
- Aurora van der Velpen, som stilte med ponni og leia rideturar
- Anders Ånne og Linn Marita Bjerkehagen, som stilte med boergeit og traktor
- Olaf Forr og Karen Løkken, som kom med griser, kalvar og traktor
Linda Jacklin Haugen
- Erik Wethal Haave, som stilte med lam
- Oda Nyhus Aanekre, som hadde med høner og som laga natursti
Og takk til tilsett Karoline Haverstadløkken som hadde med kaninar.
Landbruksdagen vart eit høgdepunkt vi kjem til å hugse lenge. Takk igjen til alle som bidrog.
Ane Kappelslåen Stuen
Mette Skogen
Kaniner
Linda Jacklin Haugen
Ane Kappelslåen Stuen