Landbruksdag i Liene barnehage

Vi har igjen hatt landbruksdag i Liene barnehage - og som i fjor vart det ein stor suksess. Uteområdet vart forvandla til ein levande gard, og barna fekk oppleve dyr og kjøretøy på nært hald. 

Vi hadde besøk av fleire ulike dyr; kalvar, kaninar, lam, hestar og ein livleg geitekilling. Dei som ville, fekk ri ein liten tur, og fleire nytta ajnsen til både ein, to og tre turar.

I år hadde vi også fleire traktorar, dyrehengar og ein hjulgravar. Nokre av traktorane fekk barna lov til å sitje på, noko som var stor stas. 

Ein av dei tilsette i barnehagen hadde med seg Oddbjørn, ein geitekilling. Oddbjørn gjekk fritt rundt på området og fekk mykje merksemd frå barna. 

Dette hadde ikkje vore mogleg utan den fantastiske innstasen frå foreldre, tilsette og andre som bidrog. 

Barnehagen vil rette ein stor takk til:

  • Caroline Hofstad Jacobowitz, som stilte med hestar og leia rideturar
  • Olaf Forr og Karen Løkken, som kom med kalvar, dyrehengar og traktor
  • Erlend Strand, som hadde med traktor og hjulgravar
  • Erik Wethal Haave, som stilte med lam
  • Lars Røen, som hadde med traktor
  • Robert Stakston som hadde med traktor og hengar

Og takk til tilsette Karoline Haverstadløkken, som hadde med kaninar, og Martine Bruvang som hadde med geitekillingen Oddbjørn. 

Det er fint med litt annleis dagar i barnehagen, og dette var ein flott måte å avslutte veka på!