Når lokalt engasjement gjer kvardagen ekstra fin!
Sør-Fron sanitetsforening bidreg år etter år til trivsel og tryggleik i Liene barnehage. I mars/april vart det både servert lunsj til alle barna og delt ut sykkelhjelmar til førskulebarna.
Tysdag 14. april fekk barna i Liene barnehage igjen oppleve ein ekstra kjekk dag, då Sør-Fron sanitetsforening kom på besøk og spanderte lunsj til oss. Dette er eit tilbod dei gjev barnehagen to gonger i året, noko vi set stor pris på.
Det var dekka opp til buffet med mykje god mat, og dei eldste barna fekk sjølve gå og forsyne seg. Dei aller yngste åt på avdelingane sine. Det vart ei triveleg stund rundt borda, med mange mette og nøgde barn som kosa seg lenge.
Sør-Fron sanitetsforening gjer også ein annan svært verdifull innsats for oss kvart år. Førskulebarna i Liene barnehage får årleg utdelt sykkelhjelmar, og desse fekk barna i år like før påske.
Vi vil rette ein stor og varm takk til Sør-Fron sanitetsforening for engasjementet deira for barna våre og for alt dei bidreg med til barnehagen.


Publisert av Mette Gjefsen
Publisert 14.04.2026 14.29
Sist endret 14.04.2026 14.29