Høyring av forskrift om politivedtekt for Sør-Fron kommune
Gjeldande politivedtekter for Sør-Fron kommune er frå 1999, og må nå reviderast.
Ei politivedtekt er eit lokalt regelverk for ein kommune for å regulere lokale forhold der formålet er å oppretthalde ro og orden, og sørge for tryggleik på offentlege stader i kommunen. Vedtektene skal gis for kvar kommune etter heimel i politiloven § 14, som seier kva for reglar politivedtektene skal innehalde. Kommunen kan ikkje gi regler i politivedtekter som er dekt av anna lovverk.
Kommunestyret skal vedta nye politivedtekter og etterpå skal Politidirektoratet stadfeste dei.
Formannskapet vedtok i møte 7. oktober 2025 å leggje forslag til ny forskrift om politivedtekt for Sør-Fron kommune ut på høyring med ein høyringsfrist på seks veker.
Forslaget finn du her: Forslag til nye politivedtekter
Send høyringsinnspel til postmottak@sor-fron.kommune.no eller per post til Sør-Fron kommune, Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron innan 1.desember 2025.
Publisert av Grete Hølmen
Publisert 20.10.2025 14.59
Sist endret 21.10.2025 08.24