Harpefoss barnehage

Kontaktinformasjon Harpefoss barnehage
Info Adresse og tlfnr
Besøksadresse Vintervegen 315, 2647 Sør-Fron
Postadresse Sør-Fron kommune, Kommuneveien 1, 2647 Sør-Fron
Åpningstider i barnehagen 06:45-16:30
Blåbærfjell 95 48 05 80
Raudhaugen 95 47 79 87
Kvitberget 95 48 04 26
Styrer 48 12 48 85

 

 

Noe av uteområdet til barnehagen - Klikk for stort bildeNoe av uteområdet til barnehagen

Litt om oss

Harpefoss barnehage er ein kommunal treavdelingsbarnehage for barn i alderen 0-6 år. Avdelingene heiter Raudhaugen, Kvitberget og Blåbærfjell. Barnehageåret 2023-2024 er det barn fødd i 2018 og 2019 på Kvitberget. På Raudhaugen er det barn fødd i 2020 og 2021, og på Blåbærfjell er det  barn fødd i 2021 og 2022.  

Sør-Fronsdiamanten

Overordna mål for skule og barnehage i Sør-Fron er at alle skal få ut sitt potensiale. Vi vil ha barn som medverker, som er motivert og som ser moglegheiter. Vi ønskjer at barna skal kjenne på heimstadstoltheit og ha trua på ei framtid i Sør-Fron. Barnehagen skal bidra til at barna blir trygge på seg sjølv, kjenne at dei er gode nok og at dei kan møte og meistre utfordringer dei møter nå og i livet seinare. Sør-Fronsdiamanten er felles for oppvekst og skal gå som ein raud tråd gjennom barnehage, barneskule og ungdomskule. 

Når vi planlegg og gjennomfører pedagogiske opplegg i barnehagen skal Sør-Fronsdiamanten vere grunnlaget for arbeidet, saman med barnehageloven og rammeplan for barnehagen. Diamanten vil vere utgangspunktet for korleis vi arbeider med formålet og verdigrunnlaget for barnehagen.

Alle tilsette i barnehagen skal jobbe etter verdiane som ligg i diamanten og i barnehagen sitt formål og verdigrunnlag, jfr: Barnehageloven § 1. Gode tilsette som er bevisst sitt ansvar skal vere hovudmålet for verksemda. 

 
Sør-Fronsdiamanten

Avdelinger

Kvitberget: Kristin Rønningen (pedagogisk leiar), Ragnhild Hauge Giverhaug (pedagogisk leiar), Nina Vaet (pedagogisk medarbeider), Anne-Grete Olstad (barne- og ungdomsarbeider), Camilla Breistad Haugsjordet (lærling). 

Raudhaugen: Hege Sperre Horsbøl (pedagogisk leiar), Anette Skogen (pedagogisk leiar), Marit Tollefsrud (pedagog), Siv Sandbuløkken (barne- og ungdomsarbeider), Gunn Tove Eide (pedagogisk medarbeider), Eldrid Kvikstadhagen (pedagogisk medarbeider). 

Blåbærfjell: Anita Nilsen (pedagogisk leiar), Tone Merete Botten (pedagogisk leiar), Kari Berntsen (pedagogisk medarbeider), Kari Ekre (barne- og ungdomsarbeider)

Gjennom året brukar vi vikarer ved behov, i samband med for eksempel sjukdom, ferie, permisjonar osv. Det blir sendt ut beskjed i føresett-appen kvar gong ein vikar er sjå oss i barnehagen for første gong. 

Liv Randi Sundhagen er styrar i Harpefoss barnehage.