I løpet av veke 44 får alle husstandar i landet tilsendt brosjyre med råd til eigenberedskap frå staten.
Norske styresmakter anbefaler at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i éi veke. Dette fordi kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei vi har rundt oss, vil det styrkje det norske totalforsvaret – altså summen av samfunnsressursane for å førebyggje og handtere krise og krig.
Her finn du informasjon om beredskapsarbeidet i Sør-Fron kommune.
Kva kan skje?
Verda vi lever i, blir stadig meir uroleg, mellom anna som følgje av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at vi kan bli ramma av ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasjar og – i verste fall – krigshandlingar Slike kriser kan gi store konsekvensar. Straumbrot kan til dømes gjere at du mister vatnet i springen, at du ikkje får laga mat slik du er van med, og at kloakksystemet, betalingsløysingar, Internett og mobiltelefon ikkje fungerer som normalt.
Styrk eigenberedskapen din!
God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine nærmaste. Ved å følgje råda i denne brosjyren blir du betre i stand til å handtere alt frå små skiplingar i kvardagen til større kriser. I tillegg bidrar du til at styresmaktene kan prioritere dei som treng hjelpa mest. Hugs: Å vere litt førebudd er mykje betre enn å vere heilt uførebudd!
Sjekkliste for din eigenberedskap
- Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.
- Mat som tålar lagring i romtemperatur.
- Grill, kokeapparat eller stormkjøkken.
- Varme klæede pledd, dyner og soveposar.
- Fyrstikker og stearinlys.
- Ved dersom du har vedomn eller peis.
- Gas- eller parafinovn for innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring.
- Avtale om overnatting om du ikkje har alternativ oppvarming.
- Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
- Legemidlar og førstehjelpsutstyr.
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
- Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.
- Batteri og lada batteribank.
- Litt kontantar og fleire betalingskort.
- Mat og vatn til kjæledyr.
- Liste på papir med viktige telefonnummer som for eksempel nødnummer, legevakt, veterinær, familie, vener og naboar.
Meir informasjon om eigenberedskap finn du på nettsida Sikkerhverdag.no
Lenke til brosjyra frå DSB finn du her:
Brosjyre om eigenberedskap