I følge Snorre Sturlason møttes kong Olav Haraldsson og hersen Dale-Gudbrand på Hundorp i 1021. Dette møtet resulterte i at dølane med Dale-Gudbrand i spissen tok i mot kristendommen.
«Hundorp er blant dei mest kjende historiske stadene i Gudbrandsdalen. Ikkje berre er staden reint fysisk det mest monumentale fornminneområdet i dalen med sine store gravhaugar, steinsetjingar og bautasteinar, men også i sagatradisjonen har Hundorp ein ruvande plass. I soga om dei norske kongane, Heimskringla, legg forfattaren den mest dramatiske av kristningsscene til Hundorp», skriv Gro Steinsland og Magnus Rindal i boka Heilage stader i Norge.
Rasmus Stauri skriv i sin
forprosjektrapport for Hundorp 2021, at «Olav Haraldssons fall på Stiklestad i 1030 fullfører på mange vis kristningsverket og nasjonsbygginga. Lokal makt blir brote ned parallelt med at trusskiftet blir vedteke».
Det avgjerande opptrinnet
Nobelprisvinnaren Sigrid Undset underbyggjer dette med si uttale som låg til grunn
for markeringa i 1921:
«Det er enkelt og lettfattelig som den avgjørende scene i et middelaldersk
mysteriedrama i sin symbolske rikdom. Tinget på Hundorp kommer da til å stå
for vår bevissthet som det avgjørende optrin i vår kristningssaga».
Kjeldene
Forteljinga handlar om da Olav sommaren 1021 for sørover frå Nidaros med eit stort følgje, og ville omvenda folket til kristendommen. På Hundorp i Fron budde den mektige hersen Dale-Gudbrand, som saman med folket sitt bekjente seg til dei gamle gudane, og da særleg Tor. Historia fortel at kongen og mennene hans kom til Hundorp, der det vart helde ting.
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Sist endret 04.04.2019 09.03