Rektor for nye Sør-Fron skule
Vil du leie framtidas skule i Sør-Fron?
Vi søkjer ein visjonær og engasjert rektor til Sør-Fron skule, ein moderne 1-10 skule som samlar heile kommunen under eitt tak. Skulen opnar hausten 2026, og vi ønskjer at du tek til i stillinga frå 1. august 2025.
Du vil vere sentral i sluttfasen av byggeprosjektet, skape ein sterk skulekultur, og sikre god drift frå dag éin.
Dine viktigaste oppgåver:
- Leie skulen: Overordna pedagogisk, administrativt og økonomisk ansvar.
- Utvikle skulen sin visjon og sikre høg kvalitet i opplæringa.
- Bygge kultur: Fremje trivsel, meistring, motivasjon og inkludering for elevar og tilsette.
- Sikre samarbeid: Utvikle medverknad med tillitsvalte og nettverk.
- Planleggje skulestarten 2026 i tett samarbeid med byggeprosjektet.
Vi søkjer deg som:
- Har høgare relevant utdanning og erfaring frå skuleleiing.
- Er strategisk, utviklingsorientert og trygg som leiar.
- Har forståing for offentleg sektor og partssamarbeid.
- Meistrar økonomistyring og digitalisering.
- Har evne til å skape gode relasjonar og eit sterkt lag.
Vi tilbyr:
- Ei stilling med stort ansvar og moglegheit til å skape framtidas skule.
- Utfordrande oppgåver og støtte frå eit sterkt leiarfellesskap.
- Gode arbeidsvilkår, pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
Søk på stillinga
Les meir om stillinga (PDF, 245 kB)
Søknadsfrist: 28. mars 2025
Oppstart: 1. august 2025
Kontaktperson: Kommunalsjef oppvekst, Eivind Lund, tlf. 90793155 / e-post eivind.lund@sor-fron.kommune.no
Bli med og bygg framtidas skule saman med oss!
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Publisert 29.01.2025 10.36
Sist endret 13.02.2025 11.30