Fritidsstipend for barn og unge i Midt-Gudbrandsdalen

Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron kommunar tilbyr fritidsstipend til barn og unge. 

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha mogleik til mestring og samfunnsdeltaking ved å delta i fritidsaktivitetar. 

Målgruppa er sårbare barn og unge opp til 24 år som av ulike grunnar ikkje har økonomisk mogleik til å delta i fritidsaktivitetar.  

Fritidsstipend gjeld for: 

  • Kontingent til éin fast organisert fritidsaktivitet der det blir betalt ei fast deltakaravgift (ikkje treningssenter). 

Søknadsfrist: 
Årleg søknadsfrist 1. mai og 1. desember. Du søkjer til din bustadskommune. 

  • Ordninga er finansiert med kommunal eigenandel og med tilskot fra BUFdir-ordninga "Tilskudd til inkludering av barn og unge." 
  • Budsjettet er begrensa og vil bli fordelt innafor tilgjengelege midlar.  Dvs. ingen har krav på å få innvilga sin søknad. 
  • Oppgjer for deltakaravgift foregår mellom kommunen og organisasjonen. 

 
Vi opplyser også om: 

  • UngINN - kulturkort for ungdom - Innlandet fylkeskommune kan bestillast av alle i alderen 13-21 år og gir rabatt på mange ulike kulturopplevingar i Innlandet. 

  • Ved  BUA Vinstra kan du leige idrett- og fritidsutstyr for kortare periodar. Frå vinter 2023 blir det oppretta BUA-satellitt i Sør-Fron og Ringebu der utstyr kan hentas ut og leverast, men inntil da må utstyr hentas og leverast på BUA Vinstra. 

  • Idrettslaga i kommunen har via ordninga lokal fritidskasse nokre tilgjengelege midlar til deltaking på cup eller samlingar for enkeltdeltakarar.  Ta kontakt med den enkelte lagleiar ved spørsmål. 

Gå til elektronisk søknadsskjema  

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med: 
Bjørn Kjellsson Sletten, bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no, tlf. 974 71 997
Stian Stø Dørum, stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no, tlf. 975 31 345