Snublesteinar

I mai 2018 vart Snublesteinane over Esther, Samuel og Klara Karpol lagd ned ved kommunehuset i Sør-Fron. Dei tre sørfrøningane vart deporterte og drepne i Auschwitz under andre verdskrigen.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Les om familien Karpol her!

I oktober og november 1942 vart dei tre sørfrøningane Klara, Esther og Samuel Karpol arresterte av styresmaktene og deporterte til Auschwitz. Dei kom aldri attende til Sør-Fron.

Snublesteinar

Hausten 2017 kom det to ulike initiativ med tanke på å få lagt ned såkalla «Snublesteinar» for dei deporterte og henretta jødane frå Sør-Fron.

Snublesteinane er eit kombinert kunst- og minnesmerkeprosjekt initiert av den tyske kunstnaren Gunter Demnig, og består av ein brustein på 10x10cm, belagt med ei messingplate der namn, fødselsår, deportasjonsår, dødsdato- og stad er inngravert.

«Steinane blir støypt ned i fortauet på stader der jødar eller andre ofre for nazismen budde eller arbeidde fram til dei vart deportert og drept», heiter det på nettstaden snublestein.no, ei database over minnesmerka. Det er Jødisk museum som i Norge er ansvarlege for prosjektet.

Saka som kommunestyret behandla 14. november kan du lese her.

 

Blir lagt ned ved kommunehuset

Før Snublesteinane vart lagt ned i juni 2018 fanst ikkje noko minnesmerke over dei tre sørfrøningane Klara, Esther og Samuel Karpol i Sør-Fron, men namna deira er med på minnesteinen over krigsdøde sivile som i 2010 vart reist ved Gudbrandsdal Krigsminnesamling i Kvam.

Det er så langt lagt ned over 500 snublesteinar i Norge, dei fleste i gater i tilknyting til heimane der norske jødar budde. For Sør-Fron og familien Karpol sin del, er dette utfordrande, fordi noko av tanken bak snublesteinprosjektet er ei synleggjering av desse menneska sin skjebne.

«Når vi på et vis «snubler» over disse minnesmerkene der vi bor, der vi går, der vi arbeider, vil vi forhåpentligvis forstå at navnene vi leser representerer levende mennesker. Steinene krever at vi ikke glemmer og er en påminnelse om at Holocaust foregikk også her og ikke bare et annet sted, langt borte», heiter det på nettstaden snublestein.no.

Etter ei vurdering vart det derfor avgjort at det blir lagt ned snublesteinar for Klara, Esther og Samuel Karpol ved amfiet mellom kommunehuset og soknerådsbygget på Hundorp. 

Kjartan Ruset skriv godt om lagnaden til Karpolfamilien i denne kronikken: Minna om ein norsk familie. 

Du kan også lese meir om familien og skjebnen deira hos Digitalt museum.