Turar og stiar i Sør-Fron

Har du lyst til å komme deg ut på tur i nærmiljøet, men veit ikkje heilt kor du skal starte? Finn turkart, turtips og nyttige lenkar til fine turar i Sør-Fron her! 

Frå dal til fjell

Trimgruppa i Harpefoss IL og skigruppa i SFIL har rydda, merka og skilta om lag 100 km med stiar og råk som går opp mot fjellet – eller ned mot dalen. Desse råka er knytt opp mot allereie eksisterande stinett på fjellet. 

Det betyr at du kan starte på Harpefoss og gå til Gålå eller til Sulsetra, eller du kan starte på Hundorp å gå til Pyntaberget og Rauhaugen eller til Lauvåsen og eller Fagerhøy.

Tanken er at dette skal vera eit tilbod for innbyggarane i bygda vår og for dei av turistane som vil prøve noko anna enn å gå berre på fjellet. Her kan ein gå små og korte turar eller lengre dagsetappar. Du kan velje om du vil starte på fjellet å gå ned i bygda eller omvendt. Dette gir oss store moglegheiter til å bli betre kjent i bygda vår!

På UT.no finn du beskrivelse av "Frå dal til fjell", og mange andre turforslag i Sør-Fron. 

Du kan også laste ned og skrive ut kart "Frå dal til fjell" her. (PDF, 944 kB)

Pilegrimsleden

Pilegrimsleia går tvers gjennom heile kommunen vår, frå Frya til Skar. Vegen er godt merka, og er ein veldig fin fottur, med fantastisk utsikt utover bygda. Kart og informasjon får du ved å henvende deg til Pilegrimssenter Dale-Gudbrands gard.

Les meir om Pilegrimsleia her.

Skodalsåa kulturstig

Kulturstien følgjer Skodalsåa frå utløpet ved Svintjønna 956 moh, ned Skurdalslia og Skurdalsgrenda til åa renn ut i Laugen om lag ei mil lenger nede.

Kulturstien består av tilsaman 14 informasjonstavler som alle gir informasjon om kulturminna langs Skodalsåa, og Skodalsåas venner har restaurert fleire hus som også husar permanent utstilling. 

Kart med beskrivelse av turen finn du her. (PDF, 6 MB)

Espedalen sti- og løypelag

Espedalen sti- og løypelag skal fremje tur- og skiglede i Espedalen ved å bidra til eit nett av gode stigar og skiløyper og informere om desse og andre fine turmogleikar

Les meir om turmogleikane i Espedalen her.

Turstigar i Ryssland på Harpefoss

På slutten 80-talet vart det gjort eit stort arbeid med å rydde og merke stigar i Ryssland på Harpefoss. Dei seinare åra har det vore gjort oppgraderingar mellom anna på turskilta i området.

Det er utarbeidd kart, men desse er ikkje digitaliserte. 

Stolpejakten

Sør-Fron kommune arrangerer kvar sommar Stolpejakt. Totalt kan du finne 60 stolpar på ulike plassar i kommunen vår! Stolpejakta i Sør-Fron startar 15. mai og varar heilt fram til 1. november.

Les om Stolpejakten i Sør-Fron her. 

Du finn alt du treng av opplysningar for å komme i gang med stolpejakt, på stolpejakten.no.

Turar i nasjonalparkane

I kvar ende av Sør-Fron ligg nasjonalparkane Rondane og Langsua. Hos kulturavdelinga kan du få brosjyrer med meir info. 

Gratis turkart i norgeskart.no

Du kan enkelt skrive ut Kartverkets turkart «Norge 1:50 000» gratis via funksjonen "Mitt turkart" i Norgeskart.no. Du får samme kartdata som papirkartene, og kartdataene strekker seg fem mil inn i Sverige.

Se mer informasjon på kartverkets hjemmesider her