Jubileumsfeiring med konsertar og dansefest

 

I 2019 er det 100 år sidan trekkspelaren Oddvar Nygaard vart født. Oddvar budde i Sør-Fron heile livet. Etter tidlege år som konsert-trekkspelar slo Oddvar i gjennom med eigen kvartett i 1960-åra. Oddvar Nygaards kvartett var noko nytt. Med fele, trekkspel, gitar og bass forma eit stilideal som held seg den dag i dag. Oddvar gav ut heile 24 LP’ar og vart tildelt den aller første Spellemannsprisen i 1973. Kvartetten spelte land og strand for stappfulle hus, og med masurkaen «50-Årsdagen» toppa dei VG-lista framfor legendariske The Beatles.

Les heile programmet på Rudi gard si heimeside:

http://rudigard.no/program/jubileumsfeiring-med-konsertar-og-dansefest/

 

Dato
7. september 2019
Tid
12:00 - 0:00
Sted
Rudi gard

Arrangør

Rudi gard