Sør-Fron kommune - dalernes blomme

Utsikt frå Skutelen - Klikk for stort bilde Sør-Fron er ein vakker blome – ”dalernes blomme”, som Theodor Caspari skreiv om Sør-Fron i diktet ”Fron”. Eit særmerkt kulturlandskap pregar bygda, og når du ferdes gjennom bygda legg du merke til dette.
 
 
Når oppetter Dalen du sporer din hest,
og setter fra Ringebu bent i mot vest
da vil du til Fron oppkomme.
Et prestegjeld altid i ære og akt
med ætstore gårder og velstand og makt.
Høyt priset som Dalernes blomme.
 
 
”Dalernes blomme” har meir å by på da kommunen er langstrakt, og breier seg ut på båe sider av Lågen. Kommunen har store fjellområder med svært gode moglegheiter for jakt-, fiske- og naturopplevelser. I kvar sin ende av kommunen ligg Rondane og Langsua nasjonalparker med urørt natur. Sør-Fron har også eit flott seterlandskap med setrer som fortsatt er i  aktivt bruk. Gålå og Espedalen er viktige reiselivsdestinasjonar i Sør-Fron. Ei reise på langs av kommunen vil vise den enorme breidda og spekteret i ”dalernes blomme”.
 

Geografi

 

Sør-Fron vider seg ut på båe sider av Gudbrandsdalen, fra Rondane i nordaust til Valdres i sørvest. Nede i dalen renn Gudbrandsdalslågen og det meste av busettinga ligg her. Austsida av dalen har status som nasjonalt verdifullt kulturlandskap. Sør-Fron kommune ligg midt i Gudbrandsdalen, og ligg også omtrent midt mellom Trondheim og Oslo. Folketalet er ca. 3200 og flateinnholdet 721 m2.

 

Aktuelle stader i Sør-Fron

 

Hundorp

Hundorp ligger midt i kommunen og husar kommuneadministrasjonen. Her er også forretningar, bensinstasjon, bank, legekontor, bibliotek, idrettsanlegg, kyrke, alders- og sjukeheim m.m.

Sør-Fron kyrke er ei åttekantet steinkyrke fra 1700-tallet og blir ofte kalla for Gudbrandsdalsdomen. Den rommer meir enn 700 personar og kyrken er attraktiv som konsertlokale. Nytt orgel ble installert på 1990-tallet.

På Hundorp ligg også Dale-Gudbrands gard som er kjent fra Norges-historia. Høvdingen Dale-Gudbrand bodde her, og her er det også  fleire store gravhauger frå vikingtida. Her er det hotell, selskapslokaler, Pilegrimskontor og kontor for Gudbrandsdalsmusea.

Harpefoss

Harpefoss ligg på grensa mot Nord-Fron. Her er Harpefoss kraftverk som utnytter fossefalla i Harpefossjuvet. Her ligg også Sør-Fron ungdomsskule, fleirbrukshall, badeland, matbutikk og andre forretningar.

Fron badeland inneheld fleire ulike basseng, vannsklie, klatrevegg og meire. Badet er ein attraksjon som blir brukt av folk frå fjern og nær både fastbuande og turistar.

Harpefoss hotell arrangeres kunstutstillingar, konsertar,årleg poesifestival med meire. Hotellet ligg plassert like ved Harpefoss juvet. Her renn Gudbrandsdalslågen gjennom eit trongt juv og er eit flott skue, særleg om våren når vassføringa er stor.

I nærleiken av Harpefoss ligg også Rudi gard, som har mange store og små konsertar, revyforestillangar, teater og kunstutstillingar i sommarhalvåret.

Sygard Grytting er ein gammal gard. Her ligg eit freda soveloft som husa Pilegrimar i mellomalderen. Fortsatt kan reisande få overnatting i det gamle Pilegrimsherberget. Nedanfor Sygard Grytting ligg kunstverket Flokk, som er laga av kunstnaren Gitte Dæhlin og består av eit 20-tals langbeinte bronsjefigurar.

 

Gålå

Gålå har flere reiselivsbedrifter, matbutikk, kafèar, alpinanlegg, turløyper og hytteområder. Friluftsoppsettinga av  Ibsens Peer Gynt  samlar titusener kvar sommar. Denne foregår på Borgen ved Gålåvatnet.  På Gålå ligg også Gålå skiarena. Her arrangeres kvart år store langrennskonkuranser.  NM del 2 har vore arrangert to gonger her, seinast i 2017.

I nærleiken av Gålå ligg også Solbråsetra. Her vart Gudbrandsdalsosten "oppfunnen" på 1860-tallet.

Espedalen

Espedalen er ei fjellbygd langt vest i kommunen. Her ligg fleire reiselivsbedrifter. På 1850-tallet var det nikkelgruver her. Det finst fortsatt spor etter bergverksdrifta.

På Verksodden ved Espedalsvatnet ligg Espedalen fjellkyrke og den unike «Gravholmen».  Her ligg også spor etter nikkelverket som var plassert her. Delar av den gamle masovnen vart restaurert på 1990 talet.

 

Viktige næringsvegar

Jordbruk, skogbruk, reiseliv, handverk, kraftproduksjon og småindustri er viktige næringar i Sør-Fron kommune

 

Fotograf: Trond Halle Fotograf: Trond Halle dovregubb-Peer Gynt. Fotograf: Trond Halle Fotograf: Trond Halle Fotograf: Arne Hærnes Fotograf: Arne Hærnes Fotograf: Signe Kjorstad Fotograf: Signe Kjorstad Fron badeland Fron badeland Gamle seterhus Fotograf: Trond Halle Hundorp Ku på Furusetra i Frydalen Fotograf: Trond Halle Fotograf: Trond Halle På Nårkampen Fotograf: Trond Halle Fotograf: Trond Halle Sommar på fjellet. Fotograf: Trond Halle Sør-Fron midt i Verksodden.
Sist endret 04.04.2017 13:14
Fant du det du lette etter?