Kva skjer hos oss?

Her vil vi leggje ut nyheiter frå vår kvardag på Midtbygda skule

Sist endret 15.12.2015 08:48
Publisert 12.06.2018
Facebook banner sommerles.jpg

Frå 1.juni til 31.august kan du som går i 1. til 7. klasse, delta på Sommarles 2018!

Vi har utvikla Sommarles for å gjere lesing endå litt gøyare for dykk. For kvar bok du les og registrerer på www.sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Sommarles er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du konkurrerer nemleg først og fremst med deg sjølv. Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan bli lesen for av nokon andre – all lesing tel og gir deg XP. Og sjølvsagt har vi premiar! Du kan få både kule digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket.

 

Publisert 05.03.2018
Null mobbing.png

Barnehagane og skulane i Sør-Fron deltek for tida i utviklingsprosjektet «Inkluderande barnehage og skulemiljø», som er ei nasjonal satsing frå utdanningsdirektoratet. Barnehage/ skule og heim er viktige samarbeidspartnarar både når det gjeld førebygging og avdekking av krenkingar og mobbing. I den forbindelse arrangeres det foreldremøte:

Måndag 9. april kl. 19 – 20.30

Det vil bli servert kaffi og kringle i forkant av foredraget, ca. kl. 18.30. Vel møtt!

Kulturhuset på Sør-Fron ungdomsskule

Tema: Foredrag med Ingrid Grimsmo Jørgensen

Førebygging og handtering av krenkingar og mobbing – vaksenrolla og samarbeidet mellom heim – barnehage/ skule.

Ingrid G. Jørgensen er utdanna pedagog og arbeider ved høgskulen i Innlandet. Ho er ein lokal foredragshaldar med stort engasjement og kunnskap kring tema som omhandlar barn si utvikling og læring, konflikthandtering og mobbing.  

Her finner du invitasjon med svarslipp (PDF, 113 kB)

Publisert 09.02.2018
Sør-Fron_Logo_Slagord.png

Nytt barnehageår startar 16.08.2018.

Søknadsfrist: 1. mars 2018

 

Publisert 17.01.2018
Skolestart.jpg

Skulane har innskriving for dei som skal starte på skulen hausten 2018, fredag 16. februar kl 09.30-11.30.

Barn som er født i 2012 og barn som har fått utsett skulestart, skal skrivast inn på den skulen som ligg nærast bustaden til barnet.

Dei som ikkje kan møte, sender skriftleg melding med personalia til skulen innan 16. februar 2018.

Spørsmål kan rettast til:

Rektor Anne R. Almehagen, Midtbygda skule, tlf.nr. 61 29 93 20

Rektor Monika L. Solberg, Harpefoss skule, tlf.nr. 61 29 93 40

 

Publisert 09.08.2016

SFO er organisert både på Harpefoss- og Midtbygda skule.
Opningstida er kl. 06:45. SFO er open til kl. 16:30 om ettermiddagen.
Om morgonen må elevane ha med seg matpakke. Dei får drikke på SFO.
Om ettermiddagen får dei servert eit måltid rett etter skuletid. 

Publisert 12.02.2016
Barn, familie og sol

Kommunestyret vedtok 09.02.2016 nye vedtekter for barnehage og skolefritidsordningen. Her kan du lese vedtaket som ligger til grunn for de nye vedtektene. (PDF, 288 kB)

Fant du det du lette etter?