Sør-Fron kommune skal bygge ny skule for alle elevar i grunnskulen. Den nye 1-10-skulen blir bygd på Harpefoss, der Sør-Fron ungdomsskule, Sør-Fron kulturhus og Fron badeland ligg i dag.
Vedtak om ny skulestruktur i Sør-Fron, vart gjort i kommunestyret 23. juni 2022.
Prosjektet er starta opp, og prosjektleiar er Per Ivar Dahlum. Den nye skulen skal etter planen stå ferdig i 2026.
Har du innspel til skuleprosjektet? Da vil vi gjerne høre frå deg! Trykk knappen under for å komme til skjemaet der du kan legge inn dine tankar og idear om skuleprosjektet.
Kom med innspel!
Fakta om skuleprosjektet
Om prosjektet
Den nye skulen skal bygges på Glasmestermoen på Harpefoss. Området består i dag av Sør-Fron ungdomsskule, Fron badeland og Sør-Fron kulturhus i tillegg til to andre bygningar: Glasmestermoen (den gamle skulebygningen) og næringslokalet Fronstad. Desse to sistnemnte bygga har politikarane i Sør-Fron vedtatt å rive.
Vidare prosjektering vil synlegjera nødvendig arealbehov. Det skal etablerast klare skilje og overgang mellom barneskule og ungdomsskule. Skulen sitt uteområde gir rom for og legg til rette for variert fysisk aktivitet.
Skulen skal dimensjonerast for 320 elevar, og er planlagt å vera ferdig i 2026.
Kva planlegg vi å bygge?
Skulen skal dimensjonerast for 320 elevar, og er planlagt å vera ferdig i 2026.
Skulen skal byggast i området som nåverande Sør-Fron ungdomsskole nå ligg og knytast saman med eksisterande kulturhus/hall til bruk for kroppsøvingsundervisning og Fron Badeland til bruk for svømmeundervisning. Skulen skal i framtida bli nytta til aktivitetar og arrangement utanfor skuletida.
Utvikling av skulen skal gjennomførast med brei involvering av elevar, tilsette, foreldre, lag/foreiningar, og innbyggarar generelt.
Prosjektet skal dekke alle krav til skuledrift, bygg, utomhusområde, 3. partar med naboforhold og trafikktryggleik. Det er søkelys på energibruk, miljø/bærekraft og mogleikar for ombruk/gjenbruk av eksisterande ungdomsskulelokalar.
Mål for prosjektet
Intensjonen er å tilpasse skulestrukturen i kommunen til framtidig grunnutdanningsbehov ut frå elevtal, læring, trivsel og kommunen sine økonomiske rammer. Sør-Fron kommune skal ha ein skulestruktur som er bærekraftig og framtidsretta både når det gjeld drift og innhald.
Prosjektet skal bidra til kommunen sine planer om samfunnsutvikling.
Kvifor planlegg vi å bygge?
Kor skal skulen ligge?
Den nye skulen skal bygges på Glasmestermoen på Harpefoss. Området består i dag av Sør-Fron ungdomsskule, Fron badeland og Sør-Fron kulturhus i tillegg til to andre bygningar: Glasmestermoen (den gamle skulebygingen) og næringslokalet Fronstad. Desse to sistnemnte bygga har politikarane i Sør-Fron vedtatt å rive.
Vidare prosjektering vil synlegjera nødvendig arealbehov. Det skal etablerast klare skilje og overgang mellom barneskule og ungdomsskule. Skulen sitt uteområde gir rom for og legg til rette for variert fysisk aktivitet.
Skulen skal dimensjonerast for 320 elevar, og er planlagt å vera ferdig i 2026.
Kva skjer når?
- 20.02.2022: Sør-Fron kommunestyre fatta vedtak om å starte opp og gjennomføre eit arbeid som skulle resultere i forslag til ein heilskapleg plan for ny skulestruktur i kommunen.
- WSP/RIK arkitekter leverte i 2021 på oppdrag for Sør-Fron kommune ein rapport som belyser fordelar, ulemper og konsekvensar ved seks ulike alternativ for framtidig organisering av grunnskuletilbudet i Sør-Fron kommune.
- Kommunestyret vedtok å gå vidare med tre ulike forslag til lokalisering, og dette vart sendt ut på høyring.
- 23.06.2023: Vedtak om ny skulestruktur i Sør-Fron, vart gjort i kommunestyret 23. juni 2022. Vedtaket inneber 1-10-skule på Harpefoss.
- 01.02.2023: Prosjektleiar tilsett.
- 05.05.2023: Sør-Fron Kommune signerte første kontrakt i forbindelse med utvikling og bygging av ny skole på Harpefoss.
- 12.05.2023: Varsel om oppstart - endring av detaljregulering for Harpefoss.
- 2026: Skulen skal stå ferdig.
Kven er ansvarleg for prosjektet?
Sør-Fron kommune er byggherre, og ansvarleg for å prosjektere ny skule på Harpefoss.
Prosjektleiar er Per Ivar Dahlum.
Involverte i prosjektet:
Spørsmål og svar om nyskulen
Kor skal skulen ligge?
Skulen skal bygges på Harpefoss.
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Sist endret 06.06.2023 14.09