Forflytning

Verket er ei gåve frå Innlandet fylkeskommune til Sør-Fron kommune og er laga av Siv Bugge Vatne i samband med tusenårsmarkeringa Hundorp 2021.

Kunstverket Forflytning er ein møtestad på gardstunet på Dale-Gudbrands gard. Det er laga av to steinblokker. Den eine er plassert liggande som eit landskap. Den andre er ein kampestein ståande oppå dette landskapet. Undersida av kampesteinen er kappa av og felt ned i landskapet eit lite stykke unna kampesteinens plassering. Den nedfelte undersida av steinen blir som eit avtrykk, som om det har skjedd ei forflytning av kampesteinen. Eit tre er planta ved sidan av steinene og er ein del av kunstverket.

Steinmonumentet er ikkje ein bauta, men derimot ein liggande bautaliknande stein som ein kan møtast ved. Oppå dette landskapet er det plassert ein rundkamp, ei flyttblokk frå istida. Som ein kontrast til bautaformen er den naturforma, rund og avslipen. Og den er flytta på. Denne forflytninga kan, sett i ljos av steinmonument som symbol for makt, forstås som ei handling som kommenterer at makt over tid blir forflytta.

Verket videreførar ein lang tradisjon av steinmonument. Det er ei utforsking av korleis ein med minimale grep og varige materialar kan seie noko om vår eigen tidsand ved å skape ein møtestad som kan sette i gang opne refleksjonar rundt tid, spor og endringar.

Kor finn eg Forflytning?

Kunstverket ligg sentralt plassert midt på tunet på Dale-Gudbrands gard. Parkering ved gamle E6.