Fritidsstipend for barn og unge i Midt-Gudbrandsdalen
Ringebu, Sør-
Fron og Nord-Fron kommunar tilbyr fritidsstipend til barn og unge.
Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha mogleik til mestring og samfunnsdeltaking ved å delta i fritidsaktivitetar.
Målgruppa er sårbare barn og unge opp til 24 år som av ulike grunnar ikkje har økonomisk mogleik til å delta i fritidsaktivitetar.
Fritidsstipend gjeld for:
Søknadsfrist:
1.september 2022 og deretter årleg søknadsfrist 1. mai og 1. desember. Du søkjer til din bustadskommune.
- Ordninga er finansiert med kommunal eigenandel og med tilskot fra BUF-dirordninga "Tilskudd til inkludering av barn og unge."
- Budsjettet er begrensa og vil bli fordelt innafor tilgjengelege midlar. Dvs. ingen har krav på å få innvilga sin søknad.
- Oppgjer for deltakaravgift foregår mellom kommunen og organisasjonen.
Vi opplyser også om:
-
UngINN - kulturkort for ungdom - Innlandet fylkeskommune kan bestillast av alle i alderen 13-21 år og gir rabatt på mange ulike kulturopplevingar i Innlandet.
-
Ved BUA Vinstra kan du leige idrett- og fritidsutstyr for kortare periodar. Frå vinter 2023 blir det oppetta BUA-satellitt i Sør-Fron og Ringebu der utstyr kan hentas ut og leverast, men inntil da må utstyr hentas og leverast på BUA Vinstra.
-
Idrettslaga i kommunen har via samme ordninga nokre tilgjengelege midlar til deltaking på cup eller samlingar for enkeltdeltakarar. Ta kontakt med den enkelte lagleiar ved spørsmål.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med:
Stian Stø Dørum, stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no, tlf. 975 31 345
Publisert av Bjørn Sletten
Sist endret 15.06.2022 17.06