Litt om oss
Liene barnehage er ein kommunal femavdelingsbarnehage for barn i alderen 0-6 år. Avdelingene heiter , Kroken, Toppen, Svingen,Snippen og Plassen. I år går 3, 4 og 5 åringar på Toppen og Kroken. På Snippen og Plassen går det 1- og 2-åringar og på Svingen er det 2- og 3-åringer.
Barnehagen vår har eit stort, flott uteområde med moglegheiter for variert leik. I tillegg til at kvar avdeling disponerer eigne rom har vi gymsal, sløydsal og fleire grupperom som er felles.
Barnehagen har ope måndag til fredag frå kl. 6.45 til kl. 16.30. Vi har felles frukost på kvar avdeling frå kl. 8.00 til kl. 8.45, lunsj mellom kl. 11.00 og 12.00 og ettermiddagsmat mellom kl. 14.00 og 15.00. Vi har varm lunsj minst ein dag i veka og brød/knekkebrød og frukt til ettermiddagsmat.
Satsingsområda våre dette året er barn sin trivsel og vaksne sitt ansvar for å førebygge mobbing og språk/leselyst. Dette kan du lese meir om i årsplanen vår som du finn under planverk til høgre på sida.
Cathrine Søberg er styrar i Liene barnehage.
Kva er viktig for oss
Omsorg, leik, læring og danning ligg til grunn for alt arbeidet vi gjer i barnehagen. Det er også utgangspunktet for utarbeidinga av vårt pedagogiske grunnsyn. Trykk på lenken under for å se plakat av pedagogisk grunnsyn.
Pedagogisk grunnsyn for Liene barnehage (JPG, 418 kB)
Avdelinger
Kroken
På avdeling Kroken jobbar Mona Baukhol (pedagogisk leiar), Mette Skogen (pedagogisk leiar), Barbro Kvernes (pedagogisk leder), Eldri Solbakken (barne- og ungdomsarbeider), Elisabeth Bredeveien (barne- og ungdomsarbeider) og Eli Strømstad.
Toppen
På avdeling Toppen jobbar Linda Jacklin Haugen (pedagogisk leiar), Karoline Kluften (pedagogisk leiar), Marit Nyhus (assistent), Kjersti Ringen (barne- og ungdomsarbeider) og Pia Forberg.
Svingen
På avdeling Svingen jobbar Åse Nordølum (pedagogisk leiar), Mette Gjefsen (pedagogisk leiar), Aud Ingrid Ruud (barne- og ungdomsarbeider), Jorunn Bjørkli (assistent), Anita Abel Opsahl (barne- og ungdomsarbeider) og Nina Solli (barne- og ungdomsarbeiderlærling).
Snippen
På Snippen jobbar Gunn Tove Lunde (pedagogisk leiar), Hilde Rønshaugen (pedagogisk leiar), Sadika Konjhodzic (assistent) og Anita Bredeveien (barnepleier).
Plassen
På Plassen jobbar Linn Cathrin Bjørkhaug (pedagogisk leiar), Nina Lindberg (pedagogisk leiar), Martine Bruvang, Karin Jansen (barne- og ungdomsarbeider) og Gudrun Fritjofsen (barne- og ungdomsarbeider).