Midt-Gudbrandsdalen Pedagogisk-Psykologisk rådgjevingsteneste (MGPP)

 Midt-Gudbrandsdal Pedagogisk-Psykologisk rådgjevingsteneste MGPP er ei interkommunal teneste for Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu kommune. Tenesta har seks fagstillingar og ei merkantil stilling. Kontorstad er Klukkargarden ved kommunehuset på Sør-Fron.

Kontaktinformasjon Midt-Gudbrandsdal Pedagogisk Psykologisk Rådgjevingsteneste
ÅpningstiderMandag-fredag, kl.08.00-15.30
BesøksadresseKlukkargården, Kommuneveien 1, 2647 Sør-Fron
PostadresseSør-Fron kommune, Kommuneveien 1, 2647 Sør-Fron
Telefon61 29 90 70
Epostmgpp@sor-fron.kommune.no
LederTor Otto Stormo

 

Mål

 Midt-Gudbrandsdal Pedagogisk-psykologisk teneste (MGPP) skal stå til teneste for barn og unge frå 0-16 år (Opplæringslova §5) og vaksne med særskilte opplæringsbehov (Opplæringslova §4A-2). I tillegg til individrettet arbeid har tenesta ansvar for å bistå i det systemretta arbeidet som drives i barnehagar og skular.

 
Tenesten skal også omfatte rådgivning til foreldre og elevar som ønskjer det.
 
Tenesta er frivillig og gratis for brukarane.
 

 

Arbeidsområde

MGPP arbeider med ulike vansker og deler desse grovt inn i ;

• Generelle og spesifikke fagvanskar.

• Språk og kommunikasjonsvansker

• Psykososiale vanskar (kjensle- og mellommenneskjelege vanskar)

• Samansette lærevanskar,(som syndrom, fysisk og psykiske funksjonshemmingar)

Barn/elever under 15 år skal henvises av foresatte sjølv eller i samråd med barnehage, skule, helsestasjon eller andre. Ungdom over 15 år skal henvise sjøl og kan på eige initiativ ta kontakt med pp-tenesta. Henvisning skal vera skriftleg.

Elevar i videregående skule får sine særskilte behov ivareteke gjennom den fylkeskommunale pp-tenesta. 

 

Tenesta omfatter

• Sakkyndige vurderinger i høve til opplæringsloven §5, spesialpedagogisk hjelp i barnehagar, spesialundervisning i skulen og vurderinger ved søknad om framskutt/utsett skulestart m.m.

• Rettleiing i forhold til barnehagar og skoler.

• Delta i tverretatlig og tverrfagleg arbeid i kommunane.

• Vera samarbeidspartner og bidragsyter i systemretta kompetanseutvikling i barnehage og skule.

 

Saksbehandling

Henvisninger behandles fortløpende men MGPP ynskjer henvisningar motteke innan 01.november for å sikre at barnehage og skule får oversikt over ressursbehov for neste barnehage- og skuleår.

Det kan ikkje klagast på sakkunnig vurdering da denne er rådgjevande. Sjølve vedtaket fattes av ansvarlig i kommunen, og dette kan påklages.

 

Lovgrunnlag

MGPP arbeider hovudsakleg etter Opplæringslova. I høve til saksbehandling er Forvaltningslova, Kommunelova og Lov om personopplysning aktuelle - se www.lovdata.no

Sist endret 22.09.2016 09:14
Fant du det du lette etter?