Skulefritidsordninga er eit frivillig omsorg- og fritidstilbod utanom den obligatoriske skuledagen for barn på 1.- 4. trinn og for barn med spesielle behov på 1.-7. trinn.
SFO sine opningstider følgjer skuleruta, bortsett frå i haust og vinterferien. Dei vekene er med i den faste betalinga, men det blir sendt ut eiga påmelding i forkant.
SFO er open i haust- og vinterferien dersom det er fleire enn åtte påmeldte barn.
I sommarferien er SFO open ei veke etter skuleslutt, og ei veke i august før skulen tek til att. Det vil seie at den er stengt i heile juli.
Sommar-SFO er utanom det vanlege tilbodet, og det er eiga påmelding og ekstra betaling for dette tilbodet.
Søke SFO-plass