Se her for nytt frå Midtbygda skule
Plassering
Midtbygda skule ligg i gangavstand, om lag 1 km, frå sentrum. Etter bilvegen er det om lag 2 km frå sentrum. I sentrumsområdet ligg kommunehus, helsestasjon, bibliotek, idrettsbane/ skøytebane, butikkar og kyrkja.
Skulen har vore påbygd i fleire omgangar. Den eldste delen er frå 1960 og den nyaste er barnehagen som vart bygd i 2005.
Vi har eit fint uteområde med mange leikeapparat, ein aktivitetskiosk og ein ballbinge. Uteområdet vårt er òg tilgjengeleg og mykje brukt, utanom skuletida.
I vinterhalvåret får vi disponere landbruksareala inntil skulen som akebakke, og lysløypa er lagt som næraste nabo.
I tillegg til det disponerer vi eit lite skogsområde som vi kallar «Bakkaskogen», om lag 500 m frå skulen. Der har vi uteaktivitetar gjennom heile året, og det er bygd ein gapahuk med bålplass og ei hinderløype som vi kan bruke.