Grunnskulen i Sør-Fron

I Sør-Fron kommune har vi to barneskular og ein ungdomsskule:

Harpefoss skule (1. - 7. klasse)

Midtbygda skule (1. - 7. klasse)

Sør-Fron ungdomsskule (8. - 10. klasse)

 

Vi har som mål å ha eit godt fagleg og psykososialt miljø der den enkelte opplev tryggleik og sosialt fellesskap.

Verksemdplanen for oppvekstavdelinga beskriv vår felles overordna visjon og verdiar:

Visjon: "Trivsel og læring for alle"

Verdiar: Kvalitet, respekt, inkludering og relasjonar

Skulane og barnehagane i Sør-Fron kommune ønskjer å ha ein tydeleg og felles profil. Oppvekstavdelinga arbeider mot felles mål og ein høg kvalitativ standard. Opplæringa skal utvikle elevane sitt totale læringsutbytte slik at dei møter meistring i kvardagen og kan strekkje seg mot nye mål.

Skulane har som mål å ha eit godt psykososialt læringsmiljø der den enkelte elev opplev tryggleik og sosialt fellesskap. Det skal vera nulltoleranse for mobbing og diskriminering i skulane i Sør-Fron.

MOT og "Handlingsplan for eit godt og inkluderande  skulemiljø" er godt innarbeidd i skulane.

Skulane i Sør-Fron deltek i dei nasjonale satsingane: "Vurdering for læring" og "Ungdomsskulen i utvikling".

 

Kva for ein skule skal barnet mitt gå på?
 

Barnet skal gå på den skulen som ein soknar til i høve til bustad.

Ta kontakt med levekår i kommunen.

 

Må eg melde inn barnet mitt til skulestart?
 

Du treng ikkje melde inn barnet ditt til skulestart, så lenge barnet går i barnehage i Sør-Fron.

Skulane sender brev til førsesette om innskriving av nye 1. klassingar og skulestart i 1. klasse.

Innskrivinga er  på skulen i starten av februar kvart år.

 

 

Sist endret 31.01.2017 12:10
Fant du det du lette etter?