Skuleskyss

Opplæringslova gir deg rett til gratis skuleskyss dersom avstanden mellom heim og skule er meir enn 2. km (1.trinn) eller 4 km (2.-10.trinn).

I Sør-Fron kommune er desse reglane utvida slik at det er 2. km for 1.-4. trinn og 4 km for 5.-10. trinn.

Oppland fylkeskommune sine reglar og retningsliner for skuleskyss finn du her

Skulane eller kommunen melder inn skysselevar til Opplandstrafikk, som organiserer og planlegg skuleskyssen.

 

Refleksbrikke = Billett

Første skuleår får elevane tilsendt ei refleksbrikke i posten som dei nyttar som busskort. Frå 2. klasse får dei eit plastikkort som skal nyttast alle åra dei har rett til skyss. Denne skal dei ta vare på frå år til år.

 

Farlig skuleveg og spesielle behov

Foreldre/ føresette kan søke om skuleskyss ved farleg skuleveg og spesielle behov. Her finner du søknadsskjema til "Vurderingsskjema trafikkfarlig skoleveg"

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med servicekontoret ved spørsmål om skuleskyss. E-post: postmottak@sor-fron.kommune.no eller tlf. 61 29 90 00

Sist endret 24.08.2018 12:23
Fant du det du lette etter?