Kva skjer hos oss?

Her vil vi leggje ut nyheiter frå vår kvardag i Liene barnehage 

Sist endret 06.01.2016 14.29
Publisert 18.09.2019
Brannvernveke 3

I veke 38 er det brannvern veke over heile landet. Dette markerte vi også i Liene barnehage.  

Publisert 14.08.2019
Sør-Fron_Logo_Slagord.png

Sør-Fron kommune har tatt i bruk ny skjemaløsning for å søke barnehageplass. Foresatte skal logge seg inn på portalen her og søke: https://barnehage.visma.no/sor-fron

Har du spørsmål til søknaden kan du ta kontakt med styrerne ved barnehagene:

  • Harpefoss barnehage: Liv Randi Sundhagen, tlf. 61 29 93 44
  • Liene barnehage: Cathrine Søberg, tlf. 61 29 93 30
Publisert 08.04.2019
dscn2185.jpg

Alle som startar på skulen i august fekk i dag hjelmar frå Saniteten. Vi i Liene barnehage vil seie tusen takk til Saniteten for fine hjelmar. Nå kan alle sykle våren og sommaren trygt i møte.

Publisert 04.04.2019
IMG_0608.JPG

I 21 dagar har barna i Liene barnehage følgt tett med på utviklinga i rugekassa. Vil det bli kyllingar? Kor mange kjem det? Onsdag 13. mars kom Gunnar Wiik med rugekasse og 15 egg. Vi har hatt rugemaskina på eit grupperom og rommet har fått namnet «Klekkeriet». Dag for dag har barna følgt med og undra seg over kva som skjer inne i egget. Avdelingane har hatt nedteljing og det har vore mange spente barn. Den fyrste kyllingen såg dagens lys onsdag 3. april klokka 11.30. Natt til torsdag hadde det kome 2 til. Stor stas for både barn, tilsette og foreldre. Kanskje kjem det enda fleire?

 

Publisert 25.03.2019
img_1576.jpg

 

12. mars markerte Liene barnehage «Barnehagedagen».Det er ei årleg markering der ein kan synleggjere barnehagen sine aktiviteter og mangfald. I år var tema "Eg lurer på...". Det handlar om barn sin nysgjerrigheit. Ved å undre seg, spørje og utforske lærer barna om verda rundt seg. Noko av aktivitetane avdelingane hadde: smaka på forskjellige matvarer utan å sjå, undra seg over kroppen og korleis den fungerer, tok snø inn og utforska den, leik med såpebobler og måla med hend og føter. Liene barnehage har lånt ei rugemaskin og ei avdeling teikna korleis dei trur kyllingane kjem til å sjå ut når dei klekkast i starten av april.

Publisert 13.03.2019
Tone Morken.jpg

5. og 6. februar hadde en av våre dyktige medarbeidere i Liene barnehage, Tone Morken, fagprøve i barne-og ungdomsarbeider.

Tone hadde forberedt seg sjølv godt og avdelinga til fagprøva. Og hun var klar til å få oppgaven sin når sensorene kom tirsdagen.

 

Publisert 12.02.2019
Sør-Fron_Logo_Slagord.png

Nytt barnehageår startar 16.08.2019.

SFO følgjer skuleåret og startar måndag 19.08.2019.

Endringar av barnehageplass og nye søkarar må søke. Alle som ønsker SFO-plass må søke, uansett om en har plass fra før

Søknadsfrist: 1. mars 2019

 

Publisert 12.02.2019
Skolestart.jpg

Skulane har innskriving for dei som skal starte på skulen hausten 2019, fredag 15. februar kl. 09.30 – 11.30.

Barn som er født i 2013 og barn som har fått utsett skulestart, skal skrivast inn på den skulen som ligg nærast bustaden til barnet.

Dei som ikkje kan møte, sender skriftleg melding med personalia til skule innan 15. februar 2019.

Spørsmål kan rettast til:

Rektor Anne R. Almehagen, Midtbygda skule, tlf. 61 29 93 20/48 09 20 32

Rektor Monika L. Solberg, Harpefoss skule, tlf. 61 29 93 40/45 61 82 38

 

Publisert 07.06.2018
Barn, familie og sol

Her kommer viktig informasjon til foreldre med barnehagebarn:

  • Moderasjonsordninger for familie eller husholdninger med lav inntekt
  • Gratis kjernetid for 3- 4- og 5-åringer
Publisert 19.04.2018
Hus av halmstrå

Barnehagane i Sør-Fron arbeider med mange spennande tema gjennom året. Akkurat nå har avdeling Kvitberget på Harpefoss eventyr som tema og har laga utstilling med dei tre små grisane. I Liene barnehage har avdeling Toppen eit prosjekt om edderkoppar og marihøner.

Publisert 18.04.2018
Utdeling av hjelm

Avdeling Kroken i Liene barnehage vil seie tusen takk til Saniteten for fine hjelmer. Nå kan alle sykle våren og sommaren trygt i møte! 

Publisert 05.03.2018
Null mobbing.png

Barnehagane og skulane i Sør-Fron deltek for tida i utviklingsprosjektet «Inkluderande barnehage og skulemiljø», som er ei nasjonal satsing frå utdanningsdirektoratet. Barnehage/ skule og heim er viktige samarbeidspartnarar både når det gjeld førebygging og avdekking av krenkingar og mobbing. I den forbindelse arrangeres det foreldremøte:

Måndag 9. april kl. 19 – 20.30

Det vil bli servert kaffi og kringle i forkant av foredraget, ca. kl. 18.30. Vel møtt!

Kulturhuset på Sør-Fron ungdomsskule

Tema: Foredrag med Ingrid Grimsmo Jørgensen

Førebygging og handtering av krenkingar og mobbing – vaksenrolla og samarbeidet mellom heim – barnehage/ skule.

Ingrid G. Jørgensen er utdanna pedagog og arbeider ved høgskulen i Innlandet. Ho er ein lokal foredragshaldar med stort engasjement og kunnskap kring tema som omhandlar barn si utvikling og læring, konflikthandtering og mobbing.  

Her finner du invitasjon med svarslipp (PDF, 113 kB)

Publisert 22.02.2018
Tante Mø

Måndag 19. februar hadde vi solfest og OL i Liene barnehage. Sola titta fram ei stund og vi avslutta med grilling.

Publisert 17.01.2018
Skolestart.jpg

Skulane har innskriving for dei som skal starte på skulen hausten 2018, fredag 16. februar kl 09.30-11.30.

Barn som er født i 2012 og barn som har fått utsett skulestart, skal skrivast inn på den skulen som ligg nærast bustaden til barnet.

Dei som ikkje kan møte, sender skriftleg melding med personalia til skulen innan 16. februar 2018.

Spørsmål kan rettast til:

Rektor Anne R. Almehagen, Midtbygda skule, tlf.nr. 61 29 93 20

Rektor Monika L. Solberg, Harpefoss skule, tlf.nr. 61 29 93 40

 

Publisert 23.11.2017
file2.jpeg

Tysdag 14. november var det hjertevenndag i barnehagen. Barna kunne invitere med seg besteforeldre, foreldre, tanter, onkler og andre som er nære.  

Publisert 19.10.2017
hærverk 2

I løpet av helga frå 13.-15. oktober har det igjen vore begått hærverk i Liene barnehage.

Publisert 31.08.2017
Tur Kroken 043.JPG

Vi i Liene barnehage vil ønskje alle barn og vaksne velkome til nytt barnehageår. Både dei som har vore her frå før og dei som er nye i år.

Publisert 12.02.2016
Barn, familie og sol

Kommunestyret vedtok 09.02.2016 nye vedtekter for barnehage og skolefritidsordningen. Her kan du lese vedtaket som ligger til grunn for de nye vedtektene. (PDF, 288 kB)

Fant du det du lette etter?