Juni 2023

Det vart gjennomført BTI-undersøking, i samarbeid med Korus Øst, for alle tilsette i skule, barnehage, helsestasjonen, barnevern, NAV, rus- og psykisk helse, Midt-Gudbrandsdal pedagogisk psykologisk teneste og flyktningetjenesten. Resultata frå denne vil vise kva slags kunnskap og kompetanse tilsette har og/eller er trygge på. Den vil vise kva slags arenaer for tverrfagleg samhandling vi har og korleis desse fungerer og vi vil få innspel på kva vi skal jobbe vidare med. 

Det vart produsert presentasjonsfilm i samarbeid med MMMedia. Filmen er meint som ein presentasjon av alle dei involverte tenestene, kvifor dei meiner tverrfagleg samhandling er viktig og kvifor dei er med i prosjektet "Barn og unge i fokus".