Baking av tunnkaku (lompe) ved Skurdalsåa

Harpefoss barnehage fekk kome til eldhuset ved Skurdalsåa og sjå korleis ein laga tunnkaku/lomper. 

Harpefoss bhg

Nyleg var Harpefoss barnehage inviterte til tunet bortved Skurdalsåa. Der vart vi møtt av 2 koselege damer og ein koseleg mann som viste fram korleis ein baker tunnkaku (lompe). Dei fortalde om korn og mjøl og korleis noko av maten vi et blir til. 

Tunnkakua vart steikt på vedtakke. Vi fekk og smake på tunnkaku med smør og rauost, og varm saft attåt som var varma på vedovnen inne i eldhuset. Det var ei veldig fin og lærerik stund på Skurdalstunet. 

Harpefoss barnehage er oppteken av å ta i bruk nærområdet med alt det har av kultur og tradisjon og dette opplegget var midt i blinken. 

Tusen takk til Kristen og Solveig Brendhaugen og Anna Brandstad Lien for at dei stilte opp og laga denne fine dagen for oss!