Barnehagedagen 2024 - "Staden min"

Barnehagedagen blir markert kvart år med ulike tema, og i år er tema «Staden min».

Kulturarv er i fokus og formålet med dagen er å synleggjere kva barn får oppleve, erfare og lære i barnehagen. Temaet i år passar ekstra godt for oss fordi vi har nærmiljø, tradisjonar og kultur som fokusområder i årshjulet vårt her i Harpefoss barnehage. 

Dagen vart feira med besøk av ordførar Ole Tvete Muriteigen og varaordfører Kristin Vold Lexander, utstilling, kake og is!

Barna fekk sjå ordførarkjedet. Det fekk Sør-Fron fra banken i 1980 og det viste ulike plassar og viktige kjennemerke for Sør-Fron. Noko som passa ypperleg inn i dagens tema. 

Barna viste fram utstillingene sine og fortalde litt frå dei ulike plassane på bileta. 

Muriteigen tok seg også ein tur innom Harpefoss barnehage sin eigen BurgerKing og fekk handla seg fleire store hamburgarar.

Raudhaugen hadde laga kart der ein kunne sjå fleire plassar i Sør-Fron som er kjende for barna og alle barna sine hus er med slik at dei ser kvar dei bur i forhold til kvarandre og spesielt i forhold til Fron badeland:)