Tusen takk til Saniteten frå Harpefoss barnehage!

Vi vil sende ein stor takk til Saniteten. Dei er, og har vore ein kjemperessurs for barnehagen. I byrjinga av april fekk alle i førskulegruppa sykkelhjelm og i tillegg skal dei lage varm mat til oss ein dag i veka heilt fram til sommaren. Vi set så stor pris på alt dei gjer. 

  

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Alle barna i førskulegruppa fekk sykkelhjelm nå i april. Dette var stor stas og nå kan alle sykle trygt i veg:) Ikkje nok med dette; kvar torsdag fram til sommarferien skal dei lage varm mat til barna. Første matservering var veldig populær. Barna fekk fiskegryte som fall i smak. Vi er så takknemlege for at damene i Saniteten gjer dette for oss. Dei kasta seg rundt, ordna meny, handla inn og laga supergod mat. Igjen, tusen takk frå alle oss i Harpefoss barnehage.