Førskulegruppa på Gålå

Førskulegruppa i Liene barnahage har hatt fem fantastiske dagar på Gålå Alpin med slalåm, leik og friluftshygge. Camilla og arbeidsgjengen på Gålå har lagt til rette for ei uforgløymeleg oppleving for store og små.

Dagane har starta på kafeen med hyggeleg peiskos stemning, leik i leikekroken og spilling av spel. Dei fleste barna starta på bandet måndag.  Etter kvart var alle i Knertenheisen eller i "vaksen"heisen. Dei fleste for eigen maskin. Utruleg progresjon frå måndag til fredag. Masse mestringsglede, fart og spenning. Barna har køyrt i Knertenskogen, sett ekornet Pudder luske omkring, køyrt kuleløyper, hoppa på “hopp”, lært seg å bremse (lage pizzastykke), svingt og sladda. 

Det har vore dagar med sol, og dagar med vind og surt vær. Det har ikkje spelt noko rolle for førskulegjengen, høg trivselsfaktor frå morgon til kveld.

Barn og vaksen køyrer slalåm  - Klikk for stort bildeBarn saman med vaksen på slalåm Hilde Rønshaugen

 

Karene i heisen har vore til god hjelp og motivasjon, både på bandet og dei to heisane. Dei har snakka med barna, tulla og tøysa så dei har humra og ledd godt. Dei har vore til uvurderleg hjelp når det gjeld å meistre å ta heisane åleine. 

Barna har ete lunsj ute; pølse i brød eller lompe, ostesmørbrød, kjøttkake på brødskive og fiskekake i hamburgerbrød. Etter den medbrakte eftasmaten har barna kosa seg med ein bit eller to av enten seigmenn eller melkesjokolade. 

Tusen takk til Camilla og Gålå Alpin som gjer at vi får ein slik moglegheit. Foreldra til førskulegruppa skal også ha tusen takk for at dei har fått til levering og henting på Gålå, slik at ei veke på Gålå kan bli gjennomført. 

Barn køyrer slalåm  - Klikk for stort bildeBarn på slalåm Barbro Bratlien