Naturleikeplass

Karoline Kluften

Finaste huskeutsikta på Sør-Fron? 

Sør-Fron kommune leiger eit område av Helen Svelle og Finn Haadem. Dette ligg ikkje så lang ifrå Liene barnehagen. For nokre år sidan blei det satt opp ein lavvo på område i regi av FAU. Tilsette i Liene barnehage har i fleire år hatt eit ønskje å gjere noko meir ut av område. 

Det blei bestemte at det var lurt å hyre inn eksperthjelp og valet fall på Friluftakademiet. Friluftakademiet spesialiserer seg på å kurse alle som ønskjer meir kompetanse i å ta med barn, ungdom og vaksne ut i naturen. Kruset vi valte var "Lag ein naturleikeplass". Innhaldet i kurset var å byggje naturleikeapparatar med rettleiing i sikkerheit, knutar og materiale. 

Tor Egil Bagøien var kurshaldar og loste dei tilsette gjennom kurset. Det ble eit lærerikt kurs og det blei laga mange leikeapparat. 

Barna i Liene barnehage har allereie kvalitetssikra apparata og kan fortelje at dei tilsette har gjort ein super jobb.